Fylkestinget i Finnmark saksøker ikkje staten likevel

Finnmark fylkesting har vedtatt å ikkje gå til søksmål mot staten for å få oppheva samanslåinga av Troms og Finnmark, melder NRK.
innenriks

I fylkestinget var det berre SV og Senterpartiet som stemte for å varsle staten om eit mogleg søksmål, ifølgje kanalen.

Den vedtatte samanslåinga har i lang tid skapt stor uro, og eit fleirtal av finnmarkingane som deltok i ei folkerøysting i fjor, sa nei. Finnmark fylkesting hadde heilt fram til midten av desember nekta å velje medlemmer til fellesnemnda som skal førebu samanslåinga.

Fylkestingar har etter den tid likevel peika ut medlemmer til nemnda, men samtidig varsla eit mogleg søksmål mot staten. Fleirtalet med Ap, Sp og SV meinte før jul at det er tvilsamt om Stortinget gjorde eit lovleg vedtak då det vart vedtatt å slå saman dei to nordlegaste fylka. No har altså Ap valt å ikkje stemme for eit slikt varsel som søksmål likevel.

(©NPK)