Facebook tar i bruk ny teknologi i kampen mot hemnporno

Med ny teknologi kan Facebook oppdage og fjerne hemnpornobilde på plattformene sine før dei har vorte rapporterte.
innenriks

Gjennom å bruke maskinlæring og kunstig intelligens kan Facebook og Instagram i tida framover fjerne nakenbilde som er delt utan løyve. Det skriv nettgiganten i ein bloggpost fredag.

Facebooks globale sjef for sikkerheit på nett, Antigone Davis, skriv i blogginnlegget at Facebook no kan finne denne typen innhald før nokon har rapportert det.

– Vi er forplikta til å jobbe saman for å halde plattformene våre trygge, seier Davis.

Blir gått gjennom

Selskapet skriv at dei meiner det er viktig å oppdage denne typen bilde tidleg fordi offera ofte er redde og motvillige mot å rapportere innhaldet sjølv, eller er uvitande om at bilda har vorte delte.

Selskapet opplyser at når eit hemnpornobilde blir oppdaga, vil innhaldet bli gått gjennom av eit spesielt team. Bryt det med Facebooks reglar, så blir bildet fjerna, og kontoen bilda er posta med, blir deaktivert.

Det skal vere mogleg å klage dersom ein meiner at Facebook har gjort ei feilvurdering.

Ber folk sende inn nakenbilde

Den nye teknologien er eit tillegg til eit pilotprosjekt selskapet har gjennomført i Australia der brukarar vart oppfordra til å laste opp bilde og videoar dei fryktar kan bli spreidde digitalt i framtida.

Slik kan Facebook kjenne igjen bilda og blokkere dei dersom dei blir freista spreidd på Facebook, Instagram eller Messenger.

Facebook opplyser i blogginnlegget at dei samtidig lanserer ei hjelpeside for personar som har vore utsette for hemnporno på nett, saman med ei rekke organisasjonar.

(©NPK)