Elden meiner PST braut lova då dei avhøyrde Waras sambuar

Advokat John Christian Elden meiner PST braut lova då dei ifølgje han avhøyrde Waras sambuar utan forsvarar til stades.
innenriks

Justisminister Tor Mikkel Waras sambuar Laila Anita Bertheussen (54) er sikta for å ha dikta opp ei straffbar handling ved å tenne på bilen til familien natt til 10. mars. Torsdag vart ho gripen og avhøyrt av Politiets tryggingsteneste (PST).

Wara har bedt Elden om å vere sambuar Bertheussens forsvarar.

Sa ho var uskuldig

Til nettavisa aldrimer.no seier Elden at Bertheussen sa ho var uskuldig då ho vart gripen og derfor sa at ho ikkje trong advokat.

«PST arresterte henne og tok henne til avhør. Hun sa – ifølge politiet – at hun ikke trengte advokat i og med at hun ikke hadde gjort noe galt. Politiet gjennomførte da avhør selv om deres premiss var at det var sannsynlig at hun hadde gjort noe galt», skriv han til avisa.

Verken Elden eller Tor Mikkel Wara fekk kontakt med Bertheussen før PSTs avhøyr var over, og ifølgje Elden fekk ho først etter avhøyret vite at sambuaren hadde vore i kontakt med advokat for henne dersom ho ønskte bistand.

PST ønsker ikkje kommentere

Det meiner Elden er i strid med lova og grunnleggande menneskerettar, og påpeikar at påtaleinstruksen seier at politiet – sjølv der sikta trur han ikkje treng advokat – skal sørge for at dette blir utnemnt i vanskelege saker.

Kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken i PST seier til NTB fredag morgon at PST ikkje ønsker å kommentere utsegnene frå Elden.

(©NPK)