Breiviks forsvarar: Djupt bekymra

Advokat Geir Lippestad forsvarte Anders Behring Breivik etter terrorangrepa i 2011. Etter angrepet på New Zealand seier advokaten at han er djupt bekymra.
innenriks

I ei fråsegn til Nettavisen fredag skriv Lippestad at jobben med å førebygge ekstremisme er eit internasjonalt arbeid som krev samarbeid over landegrensene.

– På nytt ser vi dessverre grufulle hendingar som følgje av ekstremisme. Eg er djupt bekymra for polariseringa og fiendebildet som blir teikna mellom folkegrupper. Det er ei av vår tids største tryggingsutfordringar, seier Lippestad.

Det var Breivik som bad om å få Geir Lippestad som forsvarar etter terrorangrepa i regjeringskvartalet og på Utøya i 2011. Advokaten uttalte til VG i etterkant at han tok på seg det vanskelege oppdraget av respekt for rettssystemet og demokratiet. I dag seier han kampen mot ekstremisme må intensiverast.

– At nokon omset ord til handling er dessverre ein realitet. Arbeidet mot ekstremisme må intensiverast på alle frontar. Frå førebyggande forhold til moglegheita til politiet for å avdekke å forhindre utvikling av farlege miljø. Dette er eit internasjonalt arbeid som krev samarbeid over landegrenser, skriv Lippestad.

(©NPK)