Berre 51 prosent av alle nyfødde blir døypte i Den norske kyrkja – medlemstalet fell vidare

Delen barn som blir døypte i Den norske kyrkja, fall i fjor til 51 prosent, eit fall på 2,6 prosentpoeng frå året før, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.
innenriks

Samtidig fall delen medlemmer i Kyrkja til 69,8 prosent, ned frå 70,5 prosent i 2017. Medlemstalet, inkludert tilhøyrige, fall med vel 18.000 til 3.717.000 i 2018.

Delen 15-åringar som valde å konfirmere seg i Kyrkja, fell med 1,7 prosentpoeng frå 2017 til 56,2 prosent i 2018.

– Vi må bruke tala frå 2018 til å vurdere korleis vi best kan vere ein relevant og tilstadeverande kyrkje, seier Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kyrkjerådet.

Ein av fire blir døypte i Oslo

I Oslo er tala endå meir dystre for Kyrkja. I alt 48,7 prosent av innbyggarane i Oslo er medlem i DNK, eit fall på 0,7 prosentpoeng frå 2017. Samtidig vart berre 27 prosent av dei nyfødde døypte i Kyrkja, medan 27,1 prosent av 15-åringane vart konfirmerte.

– Både medlemstal og andre nøkkeltal viser ein liten tilbakegang, og vi må bruke tala frå 2018 til å vurdere korleis vi best kan vere ei relevant og tilstadeverande kyrkje i alle lokalsamfunn. Vi ønsker at alle møte med kyrkja skal vere prega av openheit, ærlegdom og god faglegheit enten folk kjem til kyrkja i glede eller i sorg, seier Nilsen.

Færre på gudsteneste

Talet på døypte fall til 28.128 i 2018, ein nedgang på vel 2.000 frå året før. Gudstenestedeltakinga totalt fall med vel 120.000 til 5.325.000. Gudstenestedeltakinga på søndagar og heilagdagar fall med vel 100.000 til 4.082.000.

Kyrkjelege gravferder fall til 87,3 prosent av talet døde, ned frå 88,2 prosent året før.

Det har vore nedgang i kyrkjeleg oppslutning over mange år, og dette er tal kyrkjeleiinga og tilsette tar på alvor, poengterer direktøren i Kyrkjerådet.

– Sjølv om tala går nedover, er vi framleis ei stor og levande kyrkje med 70.000 personar som blir døypte, konfirmerte eller vigde gjennom året og fem millionar gudstenestebesøk, seier Nilsen.

(©NPK)