Ap skuldar Høgre for løftebrot i nærpolitireforma

Gjennomføringa av nærpolitireforma gir alvorleg grunn til uro, meiner Ap-politikarane Hadia Tajik og Lene Vågslid. Dei ber Høgre ta grep.
innenriks

Når Høgre fredag startar landsmøtet sitt på Gardermoen, er ikkje nærpolitireforma på dagsordenen. Ho er ikkje nemnd med eitt ord verken i det nye prinsipprogrammet som partiet skal vedta for dei neste elleve åra, eller i nokon av dei tre såkalla storresolusjonane.

– Det viser at Høgre har abdisert fullstendig i justispolitikken og overlate dette feltet heilt til Frp, meiner Lene Vågslid, som sit i justiskomiteen på Stortinget.

Både ho og Hadia Tajik har ei klar oppmoding til Høgre-landsmøtet:

– Høgre må rydde opp i eige rot og sørge for at politireforma blir gjennomført slik det er føresett i forliket. Det betyr å styrke politiberedskapen i heile landet.

– Absurde forhold

Det var dei raudgrøne som i si tid sette i gang arbeidet med å reformere politiet. I 2015 vart nærpolitireforma vedtatt gjennom eit breitt forlik på Stortinget. 27 politidistrikt vart slått saman til 12 for å etablere større etterforskingsmiljø og samtidig gi ei lokalt forankra polititeneste ute i distrikta.

– No er det på tide å gjere opp status. Den gjennomføringa vi har sett, står ikkje i stil med ambisjonane. Mange av føresetnadene i forliket er brotne, hevdar dei to Ap-politikarane.

Mellom anna har ikkje nærpolitiet vorte styrkt, og fleire stader i landet blir det lagt opp til langt færre politikontaktar enn det forliket la opp til.

– Gjennomføringa har ført til absurde forhold, som at bemanna politikontor lukkar dørene for folk fleire dagar i veka, påpeikar Tajik.

Bekymra for rettstryggleiken

– Responstida aukar i mange kommunar, medan offer for kriminalitet står i lange køar. Vi er alvorleg bekymra for at rettstryggleiken blir svekt, legg Vågslid til.

Fem justisministrar på seks år har redusert gjennomføringskrafta, hevdar dei og peikar på eit klart løftebrot, nemleg at kommunane ikkje har vorte informerte om at dei skulle få vere med på å utvikle polititilbodet, noko som var ein føresetnad i forliket.

– Mange lokale tillitsvalde har fortalt at dei rett og slett har vorte motarbeidde på dette, seier Vågslid.

I befolkninga har tilliten til politiet dalt. I 2017 hadde vel åtte av ti svært eller ganske stor tillit; i fjor var talet tre av fire, viser ei måling. Ei spørjeundersøking viser at også polititilsette meiner at politiet har vorte mindre tilgjengeleg for folk, medan førebygging og beredskap har vorte dårlegare.

– Sparereform

Justispolitisk talsmann i Høgre Peter Frølich avviser kritikken frå Ap og viser til at regjeringa har auka budsjettet politiet har, til over 20 milliardar kroner og oppretta 2.600 nye politistillingar.

– Reforma gjer politiet betre, seier han, men vedgår at politiet har ein del utfordringar.

– Talet på politimeldingar har skote i vêret, påpeikar han.

Men det held ikkje, meiner Ap – som ville styrke løyvinga til politiet med 410 millionar kroner meir enn regjeringa i statsbudsjettet for 2019.

– Det har aldri vore brukt meir pengar på norsk politi. Men etter at lønn og prisjustering, ABE-reformkutt og investeringar er trekt frå, har politidistrikta totalt sett fått kutta driftsbudsjetta sine både i 2018 og 2019. No blir det varsla om nedbemanningar, seier Tajik og Vågslid.

(©NPK)