Politikarar reagerer med sjokk på siktinga mot Waras sambuar

«Trist» og «sjokkerande» går igjen som reaksjonar på siktinga mot sambuaren til Tor Mikkel Wara. Valforskar Bernt Aardal kallar det «ei bombe».
innenriks

– Dette er først og fremst trist for Tor Mikkel og familien hans, som no er i ein svært vanskeleg situasjon. Siktinga kom som eit sjokk på oss alle, og er bortanfor det vi kunne sjå for oss. Når det er sagt, må politiet og PST no få gjere jobben sin i den vidare etterforskinga, seier Venstre-leiar og kulturminister Trine Skei Grande.

Også Frp-nestor Carl I. Hagen er sjokkert.

– Eg er i sjokk. Eg skjønner ikkje noko. Eg håper PST tar feil. Nei, eg er heilt mållaus av den siste utviklinga i denne saka, seier Hagen til VG.

Han har den siste tida engasjert seg sterkt i Wara-saka. Mellom anna har Hagen sagt at han ønskte å politimelde den påtaleansvarlege for saka i Oslo-politiet for grov tenesteforsømming.

Valforskar og statsvitar Bernt Aardal kallar siktinga «ei bombe».

– Dette er ei bombe. Denne saka, alle desse hendingane, har slått veldig sterkt inn i det politiske miljøet. Seinast i går vart saka nemnd i Stortinget, Wara fekk mykje sympati. Mange har òg kalla dette eit angrep på demokratiet, seier Aardal til Vårt Land.

– Sjokkmelding

Han seier dette har vorte ei stor sak reint politisk, og kallar det ei sjokkmelding.

– Dette gjeld ein justisminister frå Frp. Ikkje minst har det vore spekulasjonar om i kva grad dette er gjort av politiske grunnar, at nokon har ønskt å ramme han som Frp-statsråd. Det har vore spekulasjonar fram og tilbake, det har òg komme påstandar om at nokon eller alle hendingane er iscenesette, seier Aardal.

Waras sambuar, Laila Anita Bertheussen (54), vart torsdag sikta for å ha dikta opp ei straffbar handling ved å setje fyr på bilen til familien natt til 10. mars. Det har i forkant av dette vore fire andre mistenkelege hendingar ved bustaden til familien. Mellom anna har huset vorte tagga på, nokon har sett fyr på søppelkassa, og dei har fått eit truande brev. Bertheussen er ikkje sikta for nokon av desse episodane.

Truslane starta i kjølvatnet av teaterstykket «Ways of Seeing», der det vart vist bilde av bustaden til paret.

Bør vurdere Waras framtid

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes var torsdag kjapt ute og bad statsminister Erna Solberg vurdere Tor Mikkel Waras framtid som statsråd.

– Erna Solberg bør vurdere om Tor Mikkel Wara skal halde fram som justisminister. Eg lurer òg på kva Solberg tenker om det angrepet ho retta mot teateret i går, sett i lys av det som kjem fram no. Det håper eg at ho kan gi eit svar på, seier han til VG.

Une Bastholm i Miljøpartiet Dei Grøne meiner likevel at Moxnes går for langt i utsegnene sine.

– No gjekk Moxnes over streken. Eg ønsker for Bjørnar Moxnes at viss han hadde vore i ein liknande situasjon som Wara, så hadde ikkje dei politiske motstandarane hans sprunge til pressa med krav om avgang før ein visste noko om rolla hans i saka. Det er for tidleg å konkludere tre timar etter siktinga, dette blir berre politisk spel, seier ho.

Wara har bedt om å få permisjon, og Jon Georg Dale overtar som fungerande justisminister.

(©NPK)