PST har sikta sambuaren til Tor Mikkel Wara for bilbrann

PST har sikta sambuaren til Tor Mikkel Wara, Laila Anita Bertheussen (54), for å ha sett fyr på bilen til paret. Ho vart arrestert av PST torsdag.
innenriks

PST har sikta sambuaren til Tor Mikkel Wara for å ha tent på bilen deira natt til 10. mars. Ho er ikkje sikta for tidlegare hendingar utanfor heimen til paret.

– PST har i dag sikta justisminister Tor Mikkel Waras sambuar Laila Anita Bertheussen for brot på straffelova paragraf 225, bokstab b, for å gjere noko for å vekke mistanke om at det er gjort ei straffbar handling, utan at det er det. Vi mistenker at den sikta sjølv har starta bilbrannen og ved det gitt inntrykk av at ukjente gjerningsmenn har starta brannen, sa PST-sjef Benedicte Bjørnland på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

– Vi ser forholdet i samanheng med tidlegare truslar mot justisministeren, der den sikta kan ha lagt til rette for at politiet skulle etterforske denne hendinga som ein eskalering av dei tidlegare truslane. Ho vart arrestert torsdag og vart første gong orientert om mistanken vår under arrestasjonen, seier Bjørnland.

Ho fortel at politiet støttar seg på ei heilskapleg vurdering av bevis som bakgrunn for siktinga.

– Mistanken har styrkt seg det siste døgnet, seier Bjørnland.

– Ho er ikkje sikta for tidlegare hendingar, men det er naturleg å sjå desse i samanheng, seier PST-sjefen.

Bjørnland seier ho ikkje er kjent med korleis Bertheussen stiller seg til siktinga.

– Etterforskinga er i ein innleiande fase, og Bertheussen blir no avhøyrt av PST. Saka skal etterforskast breitt med sikte på å avklare både skyld og uskyld. Handlinga kan rammast av fleire straffeføresegner, og om det er aktuelt å utvide siktinga, er det for tidleg å seie noko om, seier ho.

– Oslo tingrett avgjorde torsdag at bustaden til den sikta kunne ransakast. Retten finn såleis at det er skilleg grunn til mistanke for det forholdet Bertheussen er sikta for, sa Bjørnland.

PST meiner det ikkje er grunnlag for å varetektsfengsle Bertheussen.

Siktinga for falsk politimelding har ei strafferamme på bøter eller fengsel i inntil eit år.