Vest-Agder og Finnmark på botn i kommunetesten til Forbrukarrådet

Små kommunar er dårlegare enn store til å hjelpe folk med spørsmål om dei kommunale tenestene, viser den ferske kommunetesten frå Forbrukarrådet.
innenriks

Kommunane i Finnmark sender fylket heilt nedst på fylkeslista. Tett etter følgjer Vest-Agder, Nordland, Sogn og Fjordane og Troms.

– Det er ingen grunn til at det skal vere sånn, og det er ikkje så vanskeleg å gjere noko med dette, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Ho viser til at Nesset i Møre og Romsdal, som er beste kommune i undersøkinga i år, låg på den nedre delen av lista for to år sidan. Det same gjeld Osen i Sør Trøndelag, som i år er den sjuande beste kommunen i landet. Forbrukarrådet er vande til å bli kontakta av kommunar som ønsker å bli betre

Lege og skule

Kommunane har mellom anna ansvaret for at bebuarane har lege og skule å gå til, vatn i springen og omsorg for dei gamle.

– Sjå for deg småbarnsforeldre som skal velje barnehage til babyen dei gruar seg til å sende ut i verda. Då vil dei sjølvsagt vite mest mogleg om barnehagane. Trivst barna, blir foreldra høyrde, er det bra miljø der? Ein del kommunar gjer allereie brukarundersøkingar og legg desse svara ope ut. Her kan nesten alle kommunane, også vinnaren, gjere det betre, seier Blyverket.

– Det handlar ikkje om lite pengar, men om å gjere innbyggjarane til hovudpersonar. Det er dei kommunane er til for. Andre delar av det offentlege tenestelivet har allereie bevist at dei får til dette.

Ho viser til at det aldri ville gått bra for aktørar i det private næringslivet om dei hadde operert på same måte som det dårlegare sjiktet av kommunar.

Lista

I kommunetesten for 2019 har Forbrukarrådet testa kor gode kommunane er til å hjelpe folk som har spørsmål om grunnleggande kommunale tenester. Alle kommunane er testa via telefon, e-post og nettsider.

Det vart spurt om skulefritidsordninga, byggesaksbehandling og moglegheita for å få fast heimehjelp. Svara vart vurderte etter kor raskt dei svarte og relevansen i svara.

Den komplette resultatlista finst her.

Rangering i kommunetesten

Dei ti beste og dei ti dårlegaste kommunane i kommunetesten for 2019:

Ti beste:

1. Nesset

2. Bergen

3. Nannestad

4. Søndre Land

5. Molde

6. Marker

7. Osen

8. Fredrikstad

9. Nes, Akershus

10. Nissedal

Ti dårlegaste:

413. Lærdal

414: Ullensvang

415. Moskenes

416. Hægebostad

417 Grane

418 Båtsfjord

419 Sokndal

420. Træna

421 Kvalsund

422. Gamvik

(©NPK)