Tolga-ordførar: – Oppriktig lei meg

Tolga-ordførar Ragnhild Aashaug er letta over at granskinga ikkje viser misbruk av systemet frå kommunen si side. Men ho forstår godt frustrasjonen til brørne.
innenriks

– Eg er oppriktig lei meg for den situasjonen brørne har hamna i, og forstår godt frustrasjonen og fortvilinga deira. Eg håpar granskingsrapporten gir dei svara dei treng for å gå vidare, seier Aashaug i ei pressemelding.

Etter at granskingsrapporten av Tolga-saka måndag vart overlevert til kommunalminister Monica Mæland (H), kommenterte Aashaug funna på eit pressetreff i Oslo.

Ordføraren understreka at kommunen har vore oppteken av å snu kvar stein i saka og har bidrege med nødvendig dokumentasjon.

– Vi er letta over at granskinga stadfestar at vi ikkje har misbrukt systemet. Det er godt både for brørne, kommunen og alle innbyggarane i Tolga. Saka har vore tung både for dei involverte og for lokalsamfunnet, seier Aashaug.

Vidare viser Aashaug til at det vart gjort ein administrativ feil hos kommunen frå 2010 ved at to diagnosar med ganske lik ordlyd vart forveksla.

– Det beklagar vi overfor alle dei involverte. I oppfølginga vår ska vi sikre tilstrekkelege rutinar for at dette ikkje skjer igjen, seier Aashaug.

Ho legg til at kommunen set pris på kor grundig granskingskomiteen har vore, i tillegg til at komiteen har vore både nøytral og blitt utført av personar med fagekspertise på området. Ho lovar at rapporten vil bli brukt for å endre rutinane til kommunen.

(©NPK)