Tolga-brørne vurderer erstatningskrav

Granskingsrapporten i Tolga-saka gir ikkje alle svar, meiner advokaten til Holøyen-brørne Nicolai Skjerdal. Eit erstatningskrav ligg truleg i løypa, seier han.
innenriks

– Vi har ikkje teke stilling til noko beløp. Vi har per i dag ikkje fullstendig tilgang til dokumenta i saka. Det kjem til å bli ein vidare graveprosess overfor kommunen og fylkeskommunen, seier Skjerdal til NTB.

Han representerer Lars Peder, Arvid og Magnus Holøyen, som vart registrert av kommunen som psykisk utviklingshemma utan å bli informert om det, og seinare sett under verjemål utan å ha samtykt til det. To av brørne hadde ikkje diagnosen.

Skjerdal seier brørne er takknemleg for at departementet sette i gang ein lovlegheitskontroll av vedtaka, men at dei er noko skuffa over sjølve rapporten.

Skjerdal stiller spørsmål ved konklusjonen om at kommunen har handla i god tru og at feilregistreringane kjem av ei misforståing.

– Eg har ikkje hatt tid til å gå gjennom kva den konklusjonen bygger på, men ut frå det eg har rukke å lese, og kjenner til om saka, verkar det ikkje tilfredsstillande grunngjeve, seier advokaten.

– Det andre vi lurer på, er korleis det var mogleg at dei tre vart pålagt verjemål utan å bli høyrde, under tilvising til at det var umogleg å høyre dei. Det verkar uforståeleg, fortset han.

(©NPK)