Seks døydde av drukning i januar

Seks personar, alle menn, døydde av drukning her i landet i januar. Den yngste var i slutten av 20-åra, mens den eldste var i 70-åra.
innenriks

Ein av dei omkomne sat i ein bil som hamna i vatnet, fire vart funne i sjøen og ein vart funne i eit vatn, viser drukningsstatistikk frå Redningsselskapet.

I 2017 og 2018 utgjorde fall frå land eller brygge i sjøen, vatn og elvar rundt halvparten av alle drukningsdødsfall.

– Denne kategorien er blant det vi skal sjå nærare på i år, for å kartlegge risiko og finne moglege førebyggande tiltak, seier Tanja Krangnes, som er leiar for fagfeltet drukning i Redningsselskapet.

Ser ein på drukningsdødsfall gjennom dei tolv månadene i året i perioden 2009-2018, omkjem færrast av drukning i desember og januar. I sommarmånadene, når flest folk oppheld seg på og ved vatnet, er talet drukningar tre gonger så høgt som i vintermånadene.

Til saman 102 personar døydde av drukning i Noreg i fjor, noko som er 10 prosent fleire enn i 2017. Truleg kjem auken av ein fin sommar med mykje bading.

(©NPK)