Liten opptur på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk måndag opp 0,6 prosent. Då børsen stengde, låg indeksen på 836,27 poeng.
innenriks

Oppturen kjem etter eit fall på heile 1,85 prosent fredag. Fallet dei siste sju dagane er på 0,3 prosent, men hittil i år har veksten vore på 4,6 prosent.

Måndag vart det omsett aksjar og eigenkapitalbevis for vel 3,5 milliardar kroner fordelt på 89.500 handlar.

Equinor toppa omsetningslista måndag og auka med 0,5 prosent til ein sluttkurs på 194 kroner. Dagens vinnar vart DNO som gjekk opp 5,6 prosent. Aker BP hadde òg ein god dag med ein vekst på 0,9 prosent. Telenor gjekk opp 1 prosent mens Mowi, tidlegare Marine Harvest, gjekk opp 1,8 prosent.

Dei europeiske børsane hadde òg ein grei dag. DAX 30 i Frankfurt auka med 0,9 prosent. I Paris steig CAC 40 med 1,2 prosent, og i London gjekk FTSE 100 opp 0,4 prosent.

Eit fat nordsjøolje vart omsett for 61,2 dollar på spotmarknaden då børsen stengde måndag. Det er 50 cent under prisen fredag ettermiddag. Amerikansk lettolje vart seld for 51,5 dollar fatet, 1 dollar og 20 cent mindre enn han vart selt for fredag ettermiddag.

(©NPK)