Forsvinningssaka: – Politiet har enno ikkje fått bevis på at Anne-Elisabeth Hagen lever

Det har vore ny kontakt mellom Anne-Elisabeth Hagens familie og dei antekne bortførarane på ei ny plattform, opplyser politiet.
innenriks

Politiet vurderer det som positivt at dei moglege kidnapparane har teke kontakt på ei ny plattform, men er bekymra for at dei ikkje har fått bevis på at 68-åringen er i live.

– Vi kan ikkje seie noko om kva for ei kommunikasjonsplattform som er brukt, når det vart teke kontakt eller noko om innhaldet i meldinga, sa politiinspektør Tommy Brøske i Øst politidistrikt på ein kort pressekonferanse om forsvinninga måndag ettermiddag.