Forskarar kan ha funne ein kur mot Alzheimers sjukdom

Sunn mat kombinert med ein tablett kan bremse utviklinga av Alzheimers sjukdom, trur ei internasjonal forskargruppe der òg Noreg er med.
innenriks

– Men det er framleis eit stykke igjen før vi har ein kur, seier professor Hilde Loge Nilsen ved Universitetet i Oslo og Akershus universitetssjukehus til NRK.

Nilsens kollega Evandro F. Fang drog det heile i gang i tett samarbeid med forskarar frå USA, Storbritannia, Danmark og Hellas. Gjennom forsøk på rundormar og mus som dei har følgt gjennom eit heilt livsløp, og på celler frå menneske som er ramma av alzheimer, har dei klart å stanse utviklinga av sjukdommar i hjernen.

Forskarane har funne ut at cellene hos alzheimer-pasientar ikkje klarer å kvitte seg med nok avfallsstoff. Det rammar stoffskiftet og fører til at hjerneceller døyr. Ved å tilføre kjende stoff, mellom anna frå granateple, byrjar likevel cellene å reinse seg sjølv igjen. På den måten kan utviklinga av sjukdommen stansast.

Det er forska på alzheimer i 30 år. Loge Nilsen meiner dei no er nær eit gjennombrot.

– Vi har klart å påverke utviklinga av alzheimer. Mykje av forskinga som er gjord hittil, har sannsynlegvis angripe sjukdommen for seint. Når det allereie er plakkdanningar i hjernen, er det truleg for seint å gjere noko. Vi går inn mykje tidlegare ved å justere biokjemien i hjernen. Derfor meiner vi at dette er eit gjennombrot, seier ho.

Mellom 77.000 og 104.000 er ramma av demens i Noreg, ifølgje eit anslag frå Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse. 60–70 prosent av desse er alzheimer-pasientar.

(©NPK)