109 sauer redda frå fjøsbrann i Luster

Eit fjøs stod i brann i Gaupne i Luster kommune i Sogn og Fjordane måndag formiddag. Over 100 sauer vart redda ut av fjøset.
innenriks

Brannalarmen gjekk kort tid etter at bonden Stein Helge Kristensen hadde teke fjøsstellet. Han fortel at han tømde eit brannsløkkingsapparat, men det var ikkje nok til å sløkke brannen, skriv Sogn Avis.

– Eg opna døra, byrja å plystre, og då kom sauene springande. Dei er vande til å gå ute, men nokre vart verande igjen, og eg kunne ikkje gå inn igjen etter dei, seier Kristensen som fortel at røykdykkarar frå brannvesenet fekk ut resten.

Fjøsbrannen vart meld like før klokka 12, men han var sløkt då politiet kom til staden. Politiet skal etterforske brannen på vanleg måte. Ein veterinær skal undersøke dyra.

– Det var opne flammar i starten. Dette har etter forholda gått bra – det kunne gått mykje verre, seier Elmer Sjøvoll i Sogn brann og redning.

(©NPK)