Berre 0,6 prosent av fosterbarna blir adopterte

Rundt 50 fosterbarn i Noreg blir adopterte per år. Det er 0,6 prosent av barna under omsorg i barnevernet, viser ein ny rapport frå Bufdir.
innenriks

– Vi veit at barn som har stabil oppvekstsituasjon får det betre over tid. Derfor bør barnevernstenestene sjå på moglegheita for adopsjon i barnevernssaker oftare, seier direktør Mari Trommald i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i ein kommentar til tala frå rapporten «Adopsjon som barnevernstiltak».

Rapporten er skriven av Universitetet i Bergen på oppdrag for Bufdir.

Betre på lang sikt

Ein gjennomgang av litteratur på området viser at adopsjon fører til betre levevilkår for barna målt når dei er vaksne. Likevel er det svært få fosterbarn som blir adopterte i Noreg, få saker blir fremma for behandling i fylkesnemndene, og ytst få barnevernsarbeidarar har erfaring i å bruke adopsjon som barnevernstiltak.

– Barnevernstenestene bør klargjere raskare om adopsjon er eit godt tiltak for barnet. Vi bruker adopsjon mykje mindre enn andre land. USA og England har seks gonger fleire fosterbarnsadopsjonar enn Noreg, seier Trommald.

Redd for brot

Bufdir skal no sjå på funna og finne ut kvar skoen trykkjer, kva for barrierar som gjer at barnevernstenestene sjeldan tek adopsjon i bruk. Noko av årsaka ligg truleg i frykta for å bryte band til dei biologiske foreldra. Mykje tyder på at mange er opne for meir bruk av adopsjon: I om lag ein firedel av sakene samtykkjer foreldra til adopsjon, og i nær ein tredel av sakene samtykkjer fosterforeldra til besøkskontakt.

I eit representativt utval av befolkninga seier 64 prosent seg einige i at adopsjon er det rette for barn som har den primære tilknytinga si til fosterforeldra sine.

(©NPK)