Sjukehusleiar i Bergen får sparken etter seksuell trakassering

Ein mannleg leiar på ei avdeling på Haukeland universitetssjukehus i Bergen mistar jobben etter varslar om seksuell trakassering.
innenriks

Mannen vart suspendert etter at to kvinner varsla om seksuell trakassering. Arbeidsgivaren varsla i november i fjor ein grundig gjennomgang av innhaldet i varselet, og no er konklusjonen til sjukehusleiinga klar: Mannen mistar jobben. Det opplyser personal- og organisasjonsdirektør Odd Andrew Storetvedt i Helse Bergens som har handtert saka til NRK.

– Vi tok imot to varsel mot ein av våre tilsette og har hatt ein veldig grundig gjennomgang av saka der vi har samarbeidd tett med tillitsvalde. Etter ei totalvurdering av alt som har komme fram i gjennomgangen, har vi konkludert med at vedkommande blir sagt opp, seier Storetvedt.

Mannen er informert om avgjerda til sjukehusleiinga og har fått tilbod om å jobbe ein annan stad på sjukehuset i oppseiingstida.

(©NPK)