Politiet etterlyser finske skiløparar i Tamokdalen

Politiet ønsker kontakt med ein mann og ei kvinne – begge finske – som skal ha vore på tur på Blåbærfjellet same dag som fire skiløparar vart tekne av skred.
innenriks

Basert på opplysningane til politiet skal dei to vere omkring 25–35 år gamle, og begge stod på ski i området, opplyser Troms politidistrikt fredag ettermiddag.

– Politiet kjenner ikkje identiteten deira og ønsker at dei tek kontakt med politiet slik at det blir avklart om dei har nokre observasjonar eller var i kontakt med turfølgjet som omkom i skredet, heiter det.

Andre som veit eller har ei meining om kven desse to er, blir òg bedne om å ta kontakt med politiet på telefon 77 79 60 00.

Dei finske skiløparane Mikael Sten (29), Niklas Nyman (36), André Stenfors (32) og svenske Disa Bäckström (29) er antatt omkomne i skredet, som gjekk onsdag 2. januar. Dei var på topptur til Blåbærfjellet og vart sist observert i 14-tida. Etter nokre timar vart ein femte person i turfølgjet bekymra og melde frå til politiet.

Søket etter dei omkomne vart stansa av dårleg vêr onsdag.

(©NPK)