Over 33 000 hjortedyr testa for skrantesjuke i 2018

Veterinærinstituttet analyserte i fjor over 33.000 prøvar frå hjortedyr for skrantesjuke. Sju tilfelle vart påvist.
innenriks

I 2018 fekk seks villrein påvist skrantesjuke av den klassiske, smittsame typen. Alle i Nordfjella sone 1. I tillegg fekk ein elg i Flesberg i Buskerud påvist såkalla atypisk skrantesjuke som blir antatt å kunne oppstå spontant hos eldre dyr, opplyser Veterinærinstituttet.

Oppdaginga av skrantesjuke (Cronic Wasting Disease, forkorta CWD) i Noreg i 2016 førte til omfattande tiltak for å fjerne smitte og hindre spreiing, og dessutan overvaking av bestandar med hjortedyr.

I mars 2018 vart dei siste dyra i den smitta villreinbestanden i Nordfjella Sone 1 drepne av folk frå Statens naturoppsyn. Til saman vart det skote om lag 1.400 villrein i området frå seinhausten 2017. Det vart her påvist skrantesjuke hos 17 dyr.

Planen er å reetablere rein i Nordfjella etter den omfattande nedslaktinga. Men først skal det vere ein området liggje brakt i minst fem år.

Frå jaktsesong har Veterinærinstituttet testa lymfeknutar og hjerneprøver for skrantesjuke av cirka 480 dyr frå Hardangervidda, og i underkant av 80 dyr frå Nordfjella sone 2.

Forskarar ved Veterinærinstituttet har rekna ut at det er om lag 64 prosent sannsyn for at Nordfjella Sone 2 er fri for skrantesjuke og rundt 67 prosent for at Hardangervidda er fri etter jakta i 2018.

Mattilsynet har sett eit krav om 99 prosent sikkerheit for å erklære områda for smittefrie. Tala byggjer på ei statistisk utrekning av sannsynet for å oppdage CWD-tilfelle under føresetnad at flokkane har minst fire positive dyr.

(©NPK)