Oslo Børs: Fleire har meldt interesse

Det er fleire moglege oppkjøparar av Oslo Børs, ifølgje børsen. Styret anbefaler aksjonærane å vente med å ta stilling til bodet frå Euronext.
innenriks

Det er venta at Euronext vil legge fram eit bod på alle aksjar i Oslo Børs VPS i slutten av månaden. Går oppkjøpet gjennom, vil børsen gå frå å vere ein sjølvstendig institusjon til å bli ein del av eit europeisk konsern.

Ifølgje børsen har det vore møte med fleire av interessentane, og det er avtalt nye møte der interessentar skal møte børsadministrasjonen.

– Styret ser at arbeidet blir omfattande og tek tid. Det er svært viktige vurderingar som skal blir gjort, og styret set no opp ein tidsplan der det vil gi ei vurdering og oppmoding til aksjonærane seinast innan utgangen av februar. Styret anbefaler sterkt at aksjonærane ventar med den endelege oppmodinga i styret før dei tek stilling til noko bod, heiter det i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Euronext er ei samanslutning av fem europeiske børsar. Selskapet presenterte oppkjøpsplanane på julaftan. Euronext hadde då allereie fått førehandsaksept frå aksjonærar som sit på 49,6 prosent av aksjane i holdingselskapet Oslo Børs VPS Holding. Eitt vilkår for oppkjøpet er at minst 50 prosent av aksjonærane aksepterer bodet, og at det blir godkjent av relevante styresmakter.

(©NPK)