Hovudindeksen på Oslo Børs på staden kvil

Hovudindeksen på Oslo Børs fall fredag 0,03 prosent til 848,85 poeng. Samtidig fall oljeprisen noko, men han er framleis over 60 dollar fatet.
innenriks

Det vart omsett aksjar og eigenkapitalbevis for 4,52 milliardar kroner fordelt på 111.000 handlar fredag. Den siste veka har børsen gått opp 1,4 prosent.

Equinor toppa omsetnadslista med ein omsetnad på 585 millionar kroner. Kursen fall 0,2 prosent til 191,25 kroner gjennom dagen. Telenor følgde hakk i hæl med ein omsetnad på 436 millionar kroner, men enda ned 1,1 prosent. Yara og Norsk Hydro fall høvesvis 1,6 og 1,2 prosent. Taparen fredag vart oljeserviceselskapet PGS, som fall 4,9 prosent etter ein vekst på over 11 prosent torsdag.

Vinnaren fredag vart Mowi (tidlegare Marine Harvest) som auka 1,4 prosent til 187,10 kroner. Deretter følgde DNB med ein kursvekst på 1,1 prosent.

Dei leiande børsane i Europa fall litt tilbake. DAX 30 i Frankfurt fall 0,3 prosent, FTSE 100 London fall 0,4 prosent, mens CAC 40 i Paris enda ned 0,5 prosent.

Då Oslo Børs stengde, kosta eit fat nordsjøolje 60,9 dollar på spotmarknaden, eit fall på 0,4 prosent gjennom dagen. Prisen på amerikansk lettolje var fredag ettermiddag 51,9 dollar fatet.

(©NPK)