43-åring tilstår drap på sambuar i Bergen

43-åringen som er sikta for å ha drepe sambuaren sin i ei leilegheit i Bergen, er varetektsfengsla i fire veker. Han har tilstått å ha drepe ho.
innenriks

Bergen tingrett har avgjort at mannen skal varetektsfengslast med brev- og besøksforbod.

I rettsavgjerda står det at mannen har tilstått å ha drepe den 66 år gamle sambuaren sin i ei leilegheit på Nordnes i Bergen natt til torsdag.

Den sikta mannen var ikkje til stades under fengslingsmøtet, men han har gitt samtykke til fengsling.

Det var mannen sjølv som varsla politiet om hendinga. Dei kom raskt til staden og arresterte han. Kvinna vart kort tid etter erklært død av helsepersonell på staden.

Politiet opplyser at dei framleis er i innleiinga av ei «omfattande etterforsking».

– Dette er ei alvorleg hending, og det vart derfor sett inn mykje personell til å jobbe med saka i går. Avhøyr av sikta lét seg ikkje gjennomføre grunna helsesituasjonen hans, og det vil derfor bli prøvd å gjennomføre avhøyr av han i helga, skriv politiet i ei pressemelding.

Ifølgje Bergens Tidende er teorien til politiet at kvinna vart kvelt og påført stikkskadar.

(©NPK)