Undersøking: Frp-arar meir negative til KrF

Halvparten av dei Frp-tillitsvalde som har svart på ei NRK-undersøking, vil ikkje ha KrF med i regjeringa. 77 prosent har vorte meir negative til samarbeid.
innenriks

– Etter den hausten som har vore, med skuldingar mellom dei to partia, er det ikkje eit veldig godt forhold. KrF har veldig ulik politikk frå Frp. Derfor er det ikkje unaturleg at det er konfliktar mellom dei to partia, seier KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad.

Undersøkinga er gjennomført via Sms-ar til 2.475 Frp-tillitsvalde på fylkes- og lokallagsnivå, og av dei har 693 svart. Det er ikkje noka representativ meiningsmåling, men undersøkinga gir eit innblikk i haldningane på Frp-grasrota, ifølgje NRK.

(©NPK)