Regjeringa vil skjerpe Airbnb-reglar

Regjeringa har foreslått nye reglar med mål om å stanse bustadeigarar som brukar utleigeportalen Airbnb til å drive hotellverksemd.
innenriks

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) seier til Dagens Næringsliv at det ikkje er noko gale med at bustadeigarar skal kunne leige ut leilegheita si og tene ekstra pengar.

– Problemet er at mange kjøper opp masse leilegheiter og i realiteten driv hotellverksemd. Dette har skapt store problem fleire stader i dei store byane, og det er dette vi vil til livs. Vi er opptekne av å legge til rette for gode og stabile bumiljø, seier Mæland.

Ho ønsker å ha avgrensingar på korttidsutleige, noko fleire europeiske storbyar har innført.

Samla inntekter frå Airbnb-utleige i Noreg var i fjor på 1,6 milliardar kroner. Inntektene er venta å auke med 50 prosent til 2,4 milliardar kroner i år, ifølgje berekningar analyseselskapet Capia har gjort for NHO Reiseliv.

(©NPK)