Regjeringa opnar for bygging av omstridd veg på Karmøy

Kommunaldepartementet har gitt klarsignal til bygging av ein omkøyringsveg på Karmøy. Miljøvernarar reagerer kraftig.
innenriks

Vegprosjektet, som har ein prislapp på 720 millionar kroner, har skapt stor debatt på Haugalandet, ifølgje Haugesunds Avis. Noko av bakgrunnen for debatten er at den planlagde omkøyringsvegen vil gå gjennom eit område med store naturverdiar og landbruksområde.

Fredag kom likevel avgjerda frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), om at kommunaldelplanen for fylkesveg 47 mellom Åkra sør og Veakrossen på Karmøy blir godkjend.

Departementet gir likevel føringar på at kommunen bør vurdere om den sørlege delen av vegen er nødvendig eller om omsynet til naturvernmangfald, jordvern og friluftsinteressene tilseier det.

I konklusjonen har det ifølgje KMD vorte lagt meir vekt på samfunnsnytten, trafikktryggleik, sentrumsutvikling enn naturomsyn. Det får mellom anna miljøorganisasjonane til å reagere.

– Det er heilt uakseptabelt. Denne vegen vil skjere gjennom eit unikt landskap med fleire utryddingstrua artar, seier leiar i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg.

Leiar Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom meiner vedtaket er skammeleg. Han meiner regjeringa asfalterer framtida og ignorere alle miljøfaglege råd.

Ordførar Jarle Nilsen (Ap) er likevel nøgd og han viser til at han har eit fleirtal i kommunestyret med seg.

– Derfor er eg veldig glad og nøgd med den avgjerda som no er teke. Dette er eitt av dei store samferdselsprosjekta på Haugalandet dei neste åra, seier han til Haugesunds Avis.

(©NPK)