Monica Mæland avslår å endre kommunegrenser

Regjeringa avslår å endre kommunegrensene tre stader der det har vorte fremma initiativ om å justere grensene.
innenriks

Kommunegrensene blir ikkje endra mellom Molde og Gjemnes, mellom Nærøy, Leka og Bindal eller mellom Hole og Bærum.

I Møre og Romsdal hadde eit bygdelag fremma forslag om grensejustering for fire bygder i Gjemnes kommune slik at desse bygdene kunne bli ein del av nye Molde kommune.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland seier saka har vore vanskeleg og viser til moment som peikar i begge retningar.

– Det aktuelle området verkar likevel å vere sterkare knytt til Gjemnes enn Molde, og utgreiinga har ikkje avdekt openberre ulemper for innbyggjarane ved dagens grenser, seier Mæland.

Grensa blir heller ikkje endra ved tettstaden Sollihøgda som i dag er delt mellom Hole i Buskerud og Bærum i Akershus. Her var det fremma eit innbyggjarinitiativ for å samle Sollihøgda i éin kommune.

– Det er grunn til å tru at samling av Sollihøgda i éin kommune kunne gitt nokre positive gevinstar. Samtidig har Hole kommune planar for vidare utvikling av Sollihøgda som tettstad, som tilseier at det er uheldig å gjere ei grensejustering. Etter ei heilskapsvurdering har vi derfor vedteke ikkje å endre grensa, seier Mæland.

Den siste grensestriden har dreidd seg om øya Austra som i dag er delt mellom fylka Nordland og Trøndelag og kommunane Nærøy, Leka og Bindal

– Innbyggjarane har hatt svært ulike ønske, og etter ei heilskapsvurdering har Kommunal- og moderniseringsdepartementet vedteke å ikkje endre grensa, skriv departementet.

(©NPK)