Hareide: – Eg er i limbo

KrFs partileiar Knut Arild Hareide medgir at tilværet er sett på vent etter at han tapte kampen om vegval for partiet førre veke.
innenriks

Ein sterkt forkjølt og tilsynelatande ganske matt Hareide la fredag fram KrFs alternative budsjett saman med nestleiarane Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad.

Mens dei fleste spørsmål og mesteparten av merksemda no kretsar rundt Ropstad som forhandlingsleiar og den heitaste partileiarkandidaten, medgir Hareide at han no er på ein mellomstasjon som leiar for partiet.

– Eg trur folk veit at eg er på veg bort som partileiar. No skal vi berre lykkast med dei forhandlingsprosessane, og fram til det er det heilt naturleg at eg kjem til å vere i ein limbo-funksjon til eg trer tilbake, seier Hareide til NTB.

Under KrFs landsmøte sist fredag, varsla Hareide at han går av dersom Ropstad lykkast med å ta KrF inn i den borgarlege regjeringa, men at han fortset dersom forhandlingane mislykkast og partiet går vidare til sonderingar med Ap og Sp. No understrekar han:

– Blir det sånn som både eg og partiet ønsker, så lykkast vi med dei forhandlingane med Erna. Eg ønsker at vi skal lykkast med å gå inn i Solberg-regjeringa no som partiet har gjort eit retningsval, og eg kjem til å bidra til at vi går inn i den regjering, seier han.

Til Dagbladet torsdag seier Hareide at sjølv om han går av som partileiar, vil han ikkje «melde seg ut».

– Det er opp til Olaug Bollestad og Kjell Ingolf Ropstad å sette saman sitt mannskap. Det er ikkje naturleg for meg å gå inn i ei regjering med Frp. Men eg vil vere i Stortinget og gjere ein jobb der, så er det opp til dei om dei vil bruke meg som parlamentarisk leiar eller til noko anna, seier Hareide til Dagbladet.

(©NPK)