Forsvarsministeren om fregattforliset: – For tidleg å seie noko om årsak eller konsekvensar

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til kollisjonen, og at det er viktig å få klargjort hendingsgangen.
innenriks

– Hovudredningssentralen har leidd redningsaksjonen, som har gått bra. Eg er letta over at det berre var mindre personskadar. Alle vart evakuerte på ein sikker og god måte, og fokus no er på sikring og berging av fartøy og utstyr, seier forsvarsministeren til NTB.

Fregatten KNM Helge Ingstad havarerte etter å ha kollidert med det fullasta tankskipet Sola natt til torsdag. Åtte personar frå fregatten vart lettare skadde i samanstøyten, og militærskipet ligg no med kraftig slagside inntil land og er bolta fast i grunnen for å unngå å søkke.

Det er førebels uklart kva som førte til kollisjonen mellom dei to skipa, og Bakke-Jensen seier det no er viktig å få klargjort hendingsgangen.

– Som sjefen i Sjøforsvaret har understreka i sin pressekonferanse i ettermiddag, så er etterforskinga i ein tidleg fase. No må havarikommisjonane få gjennomføre sine tekniske undersøkingar i samarbeid med Forsvaret og politiet. Det er altfor tidleg å seie noko om årsakssamanheng eller konsekvensar, seier han.

(©NPK)