Ap går mot stipendinnstramminga til regjeringa

Arbeidarpartiet foreslår i sitt alternative budsjett for 2019 å reversere heile innstramminga regjeringa har foreslått i stipendordninga for studentar.
innenriks

Regjeringa foreslår at studentar skal miste delar av stipendet, som blir gjort om frå stipend til lån, dersom dei ikkje fullfører ein grad. Dersom fråfallet er som i dag, reknar regjeringa med å spare 256 millionar kroner på endringa.

Men Aps utdanningspolitiske talsperson Martin Henriksen kallar tiltaket «usosialt og lite framtidsretta». Kuttet straffar studentar som ikkje fullfører ein grad eller byter retning undervegs, meiner han.

– Det er også tvilsamt om det vil føre til betre gjennomføring, seier Henriksen.

Han varslar derfor at Ap ikkje kjem til å støtte den foreslåtte innstramminga og legg inn igjen heile den antatte innsparinga på 256 millionar i sitt alternative budsjett.

(©NPK)