KrF-veljarar mislikar Frp meir enn SV

Det er større misnøye med Framstegspartiet enn med Sosialistisk Venstreparti blant Kristeleg Folkepartis veljarar, viser nye tal.
innenriks

I vår vart veljarar som stemte KrF i fjor spurde om sitt syn på dei andre partia. Totalt oppgav 78 prosent av dei at dei mislikar Frp, mot 64 prosent for SV, skriv Vårt Land.

Samtidig svarte 28 prosent at dei mislikar Frp «svært mykje». Berre 15 prosent sa det same om SV. Det kjem fram i eit notat frå Norsk medborgarpanel, utarbeidd av forskarar ved Universitetet i Bergen.

I fjor vår vart veljarar som stemte KrF i 2013 spurde om det same. Då svarte dryge sju av ti at dei mislikte dei to partia.

– Fleire av KrFs veljarar mislikar Frp enn SV, og dei mislikar dei sterkare. Men eit fleirtal av dei mislikar begge partia, opplyser forskingsassistent Marta Rekdal Eidheim ved Universitetet i Bergen, som har utarbeidd notatet.

Overfor Vårt Land bekreftar både Eidheim og professor Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo at både forskjellen i syn på Frp og SV, og endringane frå i fjor, er statistisk sikre.

– Ut frå tala kan vi seie at delen som mislikar SV har gått ned, mens delen som mislikar Frp har gått opp. Forholdet til Frp kan ha blitt sett meir på spissen med Venstres innsteg i regjering og Listhaugs exit, seier Aardal.

Tala gir også ein indikasjon på intensiteten, ikkje berre retninga, meiner Aardal, som seier dette støttar opp om at KrFs veljarar mislikar Frp meir enn SV.

Ei fersk måling frå InFact for Nettavisen vart tatt opp etter at Knut Arild Hareide kom med si anbefaling og etter at statsbudsjettet vart lagt fram. Den teiknar eit endå tydelegare bilde:

64,6 prosent av dei spurde KrF-veljarane ønsker ikkje Frp i regjering. Berre 28,2 prosent svarar det same om SV.


(©NPK)