Grande: – Vi er inne i ein gullalder for norsk litteratur

Fleire norske bøker inn i bokhandlar verda rundt er målet når Noreg frå søndag overtar rolla som gjesteland under den tradisjonsrike bokmessa i Frankfurt.
innenriks

Kulturminister Trine Skei Grande (V) deltok sjølv då Noreg presenterte seg som gjesteland framfor det ho beskriv som eit rekordoppmøte av journalistar som ville vite om planane for det kommande året.

Sjølv om norsk litteratur allereie blir omsett til andre språk i stor skala, og norske forfattarar ligg på bestseljarlistene i Tyskland og fleire andre land, er målet for den største norske kultursatsinga i utlandet nokosinne klar: Eit mangfald av norsk litteratur skal finne vegen til hyllene i ikkje minst tyske bokhandlar dei neste åra.

Gullalder

– Vi ser at det verkeleg er ein gullalder for norsk litteratur. Vi ser så mange bøker som no blir omsette til andre språk og selde i veldig mange andre land, og at norsk litteratur og norske forfattarar ligg på bestseljarlistene i for eksempel Tyskland. Her har Maja Lunde lege øvst i nesten eit år. Det er enorme marknader som blir opna opp for norske forfattarar og det er ei stor moglegheit for å få norsk kunst og kultur i breidde ut i Europa, seier Grande til NRK.

Totalt skal det brukast 52 millionar kroner på det kulturelle erobringstoktet. 30 millionar kroner kjem frå Kulturdepartementet og staten og resten frå bransjeorganisasjonar og sponsorar.

Rolla som gjesteland inneber at norsk kultur og litteratur kan rekne med å bli meir synleg og få stor merksemd frå utanlandske medium når vi frå søndag overtar stafettpinnen frå Georgia. Året blir avslutta på bokmessa i Frankfurt neste år med ein gedigen norsk paviljong.

Fasit om tre-fire år

Ifølgje NRKs kulturkommentator Agnes Moxnes vil ein først etter tre-fire år kunne fastslå om satsinga har vore vellykka, og at det ikkje berre har vore ein stor og kostbar fest for bokbransjen og forfattarane.

– Dersom kunnskapen om norsk litteratur og norske forfattarar er tydeleg, så har satsinga vore vellykka. Dersom ikkje, kunne pengane like gjerne vore brukte som stipend til forfattarane, seier Moxnes.

Nesten 600 norske titlar vart omsett til ulike språk i fjor, og i bokåret 2019 er det allereie planlagt at 200 bøker skal ut på det tyske marknaden.

(©NPK)