Sølvtrans slepp politimelding for ulovleg utslepp

Fiskeridirektoratet kjem ikkje til å melde brønnbåtselskapet Sølvtrans til politiet etter at selskapet dumpa avlusingsvatn i eit gyteområde for reker i 2017.
innenriks

Sølvtrans vedgjekk førre veke at selskapet ved eitt høve hadde dumpa avlusingsvatn frå brønnbåten Øytind i strid med reglane i transportforskrifta.

– Regelbrotet skjedde i samband med avlusing ved oppdrettsanlegget Bjelkavik i Vindafjorden 16. og 17. november i 2017, skriv direktør for kyst- og havbruksavdelinga i Fiskeridirektoratet Øivind Lie i ei pressemelding.

Direktoratet meiner at regelbrotet ikkje er vesentleg eller utført på ein forsettleg eller grovt aktlaus måte, og går ikkje til politimelding av selskapet, som heller ikkje får noko gebyr.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) arbeidde tidlegare i selskapet. På spørsmål frå stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) til statsminister Erna Solberg (H) svarer statsministeren at ho ikkje var kjent med den ulovlege dumpinga då Nesvik vart utnemnd til fiskeriminister. 13. august.

– Eg var ikkje kjent med dette før det vart offentleg kjent fredag 7. september 2018, skriv Solberg i svaret sitt.

(©NPK)