Norsk Hydro avbryt kjøp av islandsk aluminiumsverk

Norsk Hydro signerte i juni ein salsavtale med Rio Tinto om å kjøpe det islandske aluminiumsverket ISAL. No avbryt den norske kraftprodusenten prosessen.
innenriks

Bakgrunnen er at kjøpet var avhengig av godkjenning frå EUs konkurransestyresmakt og styresmaktene på Island. Denne prosessen har likevel teke lengre tid enn venta og er framleis uteståande. Norsk Hydro har vurdert ulike alternativ og tidslinjer, men har no vedteke å terminere avtalen. Samtidig trekkjer dei søknaden om konkurransegodkjenning.

Norsk Hydro gav i februar i år òg eit bindande bod til det multinasjonale gruveselskapet Rio Tinto om kjøpe å det nederlandske anodeanlegget Aluchime og den svenske aluminiumfluoridfabrikken Aluflour. Hydro skal halde fram med å eige 46,7 prosent av Aluchemine.

(©NPK)