Fann den eldste menneskeskapte teikninga i verda

Forskarar ved Universitetet i Bergen (UiB) meiner dei har funne den eldste menneskeskapte teikninga i verda. Teikninga skal vera 73.000 år gammal.
innenriks

Teikninga blei funne under arkeologiske utgravingar i Blombos-hola i Cape i Sør-Afrika. Ho er sett saman av tre raude linjer skravert med seks separate linjer.

Forskarane ved UiB har avdekt teikninga på ein bit av bergarten silcrete, som blei brukt til å laga steinreiskapar for 73.000 år sidan.

Forskarane har studert steinen grundig ved hjelp av eit avansert mikroskop, geokjemiske analysar og moderne rekonstruksjon. Gjennom desse undersøkingane blei det stadfesta at linjene er påført av menneske. Forskarteamet har sidan funnet ut at teikninga er påført med ein «fargestift» laga av raud okerstein. Avslutninga på linjene indikerer at mønsteret originalt må ha dekt ei større flate.

Tidlegare har ein trudd at eintydige symbol først oppstod då Homo sapiens kom til Europa for 40.000 år sidan. Det betyr at funnet tilbakedaterer menneskeskapte teikningar med minst 30.000 år.

Blombos-hola har vore under utgraving sidan 1991. Dei siste 15 åra i regi av Senter for framifrå forsking (SFF) ved UiB og Universitetet i Witwatersrand.

Hola inneheld materiale datert frå 70.000 til 100.000 år tilbake. Ein tidsperiode som blir sagt å vera afrikansk mellomsteinalder.

(©NPK)