Omfattande tryggingstiltak når USAs forsvarsminister besøkjer Noreg

Fredag kjem USAs forsvarsminister til Oslo for samtalar med Noregs forsvarsminister og utanriksminister. Det betyr omfattande tryggingstiltak i hovudstaden.
innenriks

USAs forsvarsminister Jim Mattis kjem til Noreg fredag, og skal laurdag ha samtalar med forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

– Det blir eit besøk der det blir sett i gang ein omfattande tryggingspakke. Vi set i verk dei tiltaka vi meiner er nødvendig, seier politiinspektør Johan Fredriksen i Oslo politidistrikt til NTB.

Tiltaka er mellom anna meir synleg politi rundt bu- og besøksstader. Det blir også sett i gang skjulte tiltak.

– Eg kan ikkje gå i detalj, men vi har lang erfaring med slike besøk. Vi har kapasitet i bakhand om det skulle oppstå eventuelle hendingar, seier Fredriksen.

Ifølgje politiet vil tiltaka hovudsakleg gjelda besøksstadane, noko som gjer at folk i liten grad vil merka at forsvarsministeren er i byen.

– Med mindre ein oppsøkjer stadane der ministeren er på besøk, vil ein ikkje merka det. Det blir nokre vegblokkeringar, men berre i korte periodar under forflytting, seier Fredriksen.

Politiinspektøren peikar på at det ikkje berre er forsvarsministeren som skal kjenna seg trygg i Oslo.

– Alle menneske i hovudstaden skal vera trygge. Det gjer at bemanninga blir større i helga, seier han.

Nordområda, kampen mot terror og styrking av det kollektive forsvaret er blant temaa ministrane skal diskutera.

(©NPK)