Nedgangen heldt fram på Oslo Børs

Ein svak oljepris og nedgang for dei store selskapa bidrog til endå ein raud dag på Oslo Børs. Torsdag fall hovudindeksen 0,68 prosent, til 884,99 poeng.
innenriks

DNB var det mest omsette selskapet torsdag, men aksjen fall med 4 prosent. Deretter følgde Equinor (-1,4) og Telenor (-3,1).

Norwegian var det einaste selskapet av dei fem mest omsette som gjekk opp, med 1,9 prosent. Det skjer etter at flyselskapet torsdag leverte overraskande gode resultat for andre kvartal, og knuste marknadsforventningane.

Resultatet før skatt i andre kvartal var på 369,6 millionar kroner, i motsetnad til resultatet same tid i 2017, på 909 millionar kroner i minus.

Konsernsjef i flyselskapet, Bjørn Kjos, var likevel ikkje nøgd med resultatet.

– Vi er på rett veg, men det er ikkje godt nok viss vi ser det frå eit litt lenger perspektiv, sa Kjos til NTB etter kvartalspresentasjonen på Fornebu torsdag.

Også på lista over dei mest omsette selskapa var Aker BP, som enda ned 0,8 prosent. Børstaparen torsdag blei derimot Oceanteam, som etter å ha gått opp 20 prosent onsdag, enda ned 10 prosent torsdag.

Onsdag ettermiddag fall oljeprisen drastisk på få timar, for både nordsjøolje og amerikansk lettolje.

Nedgangen heldt fram torsdag, og ved 17-tida torsdag blei eit fat lettolje omsett for 73,04 dollar – ned 1,4 prosent. På same tid blei amerikansk lettolje seld for 69,67 dollar fatet, ned 0,7 prosent.

(©NPK)