Nedgang på Oslo Børs

Nedgangen for store selskap som Equinor, Hydro og Telenor bidrog til at hovudindeksen ved Oslo Børs onsdag fall 0,9 prosent til 891,04 poeng.
innenriks

Equinor var det mest omsette selskapet onsdag. Aksjen fall 2 prosent. Deretter følgde DNB (+0,2) og Aker BP (+0,2) som begge gjekk i pluss. Hydro enda ned 2,6 prosent og Telenor enda ned 0,2.

Fred. Olsen Energy var blant taparane denne børsdagen og fall 7,3 prosent. Det skjer etter at selskapet leverte resultat for andre kvartal tidlegare onsdag, som viste ein kraftig auke i underskotet, ifølgje E24.

Offshoreselskapet Oceanteam klatra mest, og enda opp 20 prosent.

På dei tonegjevande børsane i Europa enda det også med nedgang denne børsdagen. Både DAX 30 i Frankfurt og CAC 40 i Paris enda ned 1,3 prosent, mens FTSE 100 i London fall 1 prosent.

Prisen på nordsjøolje fall ganske kjapt etter opningstid, og heldt fram nedover utover børsdagen. Trass i ein liten oppgang mot slutten av dagen, enda prisen ned 2,1 prosent, til 77, 2 dollar fatet.

Eit fat amerikansk lettolje blei selt for 73 dollar fatet, ein nedgang på 1 prosent.

(©NPK)