TV 2 og Norsk Tipping i varemerkekrangel

TV 2 har fått registrera varemerka «Tippekampen» og «TV 2 Tippekampen». Det har fått Norsk Tipping til å reagera.
innenriks

Tippeselskapet har sendt protest mot registreringane og innvendingar mot ytterlegare ein søknad frå TV 2 til Patentstyret.

Norsk Tipping viser til at dei allereie sit på ei rekkje registrerte rettar som inneheld omgrepa «tipping» og «tippe», mellom anna eliteserien i fotball, tippinga, Norsk Tipping Multispill, tipping, og Norsk Tipping.

– Dette er eit stort tal på registreringar langt tilbake i tid. Spesielt peikar vi på at registreringane for eliteserien i fotball både er likt fonetisk og assosiativt, og at ein forbrukar vil tenkje at ein «tippekamp» må vera knytt til «eliteserien i fotball». Faren for forveksling er stor, skriv Haakon Thue Lie, som handterer saka på vegner av Norsk Tipping, i protestbrevet.

Einerett

Norsk Tipping har einerett på all fotballtipping i Noreg, og meiner også at dei to varemerka kan tyda på at dei har inngått ein avtale med TV 2.

– Når TV 2 brukar tippekampen kan det oppfattast som om dei har ein avtale som er knytt til denne eineretten. Dette er rettleiande og §15 b i varemerkelova må difor brukast, skriv Thue Lie.

– Varemerka strir også mot offentlege interesser fordi dei villeier med omsyn til arten og karakteren til tenesta, skriv han.

Tradisjonsrikt

TV 2 har allereie nytta namna «Tippekampen» og «TV 2 Tippekampen» i overkant av eitt år, i samband med at dei i samarbeid med TV-leverandøren Get relanserte dei tradisjonsrike gratiskampane frå engelsk eliteserie laurdagar klokka 16.

Omgrepet blei først lansert av NRK, som sende den første tippekampen sin i 1969, då Wolverhampton og Sunderland møttest til dyst på Molineux 29. november. Dette heldt fram heilt til 1995, og dei fleste assosierer omgrepet med dei tidlegare sendingane til NRK frå engelsk eliteserie. Omgrepet har derimot har også blitt brukt i Tippeliga-samanheng.

TV 2, som nyleg sikra seg rettane til å senda engelsk eliteserie for tre nye år, har nettopp fått protestbrevet frå Norsk Tipping.

– Vi registrerer at det har kome innvendingar. Vi vil sjå på desse innan kort tid, seier PR- og mediesjef Jan-Petter Dahl i TV 2 til NTB.

Månader

Førebels har Norsk Tipping berre protestert mot at TV 2 får registrera dei to varemerka og dermed få einerett på dei. Dei har førebels ikkje gått inn for å hindra at TV 2 brukar dei to uttrykka.

Dersom protestane frå Norsk Tipping ber fram, vil TV 2 mista eineretten til å bruka TV 2 Tippekampen i alle samanhengar, og eineretten på Tippekampen i annonse og reklameverksemd mot tredjepartar.

Patentstyret har førebels ikkje teke stilling til protestane, og ventar på svaret frå TV 2. Deretter vil begge partar få høve til å uttala seg fleire gonger om saka før Patentstyret landar på ei avgjerd. Til vanleg vil dette ta om lag fire månader.

– Vi må vurdera merka til TV 2 og Norsk Tipping opp mot kvarandre og tenesta. Vi må også vurdera korleis forbrukarane oppfattar merket. Før partane har fått sagt sitt, kan eg ikkje seia noko meir om kva utfallet blir, seier seksjonssjef Knut A. Bostad i Patentstyrets Design- og merkevareavdeling til NTB.



(©NPK)