Russlands ambassade: – Alvorleg bekymra over stasjonering av amerikanske soldatar i Noreg

Den russiske ambassaden i Oslo uttalar at det vekkjer "alvorleg bekymring" når regjeringa vil utvide stasjoneringa av amerikanske soldatar i Noreg.
innenriks

Tidlegare i veka vart det klart at regjeringa ønsker å utvide ordninga med stasjonering av amerikanske soldatar med inntil 700 soldatar, fordelt på Værnes i Trøndelag og Setermoen i Indre Troms. Rotasjonsordninga vart innført i 2017 og er allereie bestemt vidareført ut 2018 med om lag 330 soldatar på Værnes.

I ein kommentar posta på Facebook peikar den russiske ambassaden blant anna på at handlinga er i strid med det norske vedtaket frå 1949 om å ikkje opne baser for framande lands stridskrefter på norsk territorium så lenge Noreg ikkje er angripe eller utsett for truslar om angrep.

Ambassaden slår fast at dette gjer Noreg uføreseieleg, kan auke spenninga, presse til eit våpenkappløp og føre til destabilisering av situasjonen i Europa. I utsegna heiter det at dei ser på handlinga som tydeleg uvennleg og åtvarar mot at dette ikkje vil bli utan konsekvensar.

Utsegna slår fast at Russland fleire gonger har kommentert utvidinga av det utanlandske militære nærværet i Noreg. – Situasjonen har ikkje endra seg: om det er Værnes i Midt-Noreg, Rygge i Sør-Noreg eller Setermoen i Nord-Noreg – slike steg vekkjer alvorleg bekymring hos oss, heiter det.

(©NPK)