Nytt rekordår for Olav Thon

Med eit resultat før skatt på 2,3 milliardar kroner kan Olav Thon Gruppen konstatere at 2017 vart eit nytt rekordår for gruppa.
innenriks

Resultatet er ein auke på nesten 40 prosent samanlikna med 2016.

Driftsinntektene for 2017 var på totalt 10,9 milliardar kroner for konsernet, mot 10,2 milliardar kroner i 2016. Driftsresultatet vart på 3,2 milliardar kroner, opp frå 2,8 milliardar i 2016.

– Dette er ny rekord. Resultatveksten kan forklarast av fleire ting, blant anna auka resultat frå bustadprosjekt som er ferdigstilte, auka leigeinntekter frå eigedommane, ein betydeleg resultatvekst i Thon Hotels og lågare finanskostnader, seier konserndirektør for finans, Arne B. Sperre, i ein kommentar.

Drift av kjøpesenter er ein stor del av konsernverksemda. Ved årsskiftet eigde gruppa 78 kjøpesenter i Noreg og Sverige, og forvalta 31 senter for andre eigarar. Butikkomsetninga auka med 1 prosent til 54 milliardar. I Sverige aleine auka omsetnaden i kjøpesentera med 4,7 prosent til 13,3 milliardar svenske kroner.

Salsinntekter frå bustadprosjekt utgjorde 820 millionar kroner. Dei eksterne leigeinntektene til konsernet auka med 7 prosent til 4.541 millionar kroner. Hotellkjeda Thon Hotels hadde driftsinntekter på 3,5 milliardar kroner i 2017.

(©NPK)