Dale klarte å blidgjera bøndene med historisk høg ramme

Med 1,1 milliardar kroner i ramme og ordningar for å stagga overproduksjon, klarte landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) å få bøndene med på ny avtale.
innenriks

For første gong i regjeringa Solbergs historie har begge organisasjonane i jordbruksoppgjeret – både Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag – blitt samde med staten om ein ny jordbruksavtale.

Avtalen blei presentert av landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), leiar av Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Merete Furuberg, under ein felles pressekonferanse onsdag kveld.

– Eg er glad for at vi no har fått ein avtale som følgjer opp prioriteringane i tilbodet til staten. Det styrkjer norsk matproduksjon, seier Dale.

Tiltak for små fjøs

Staten har kome landbruksorganisasjonane i møte på kravet om tiltak for å dempa dagens overproduksjon av mjølk, svin og sau og kylling, som det blir produsert meir av enn det bøndene får selt. Bondeorganisasjonane kravde nye tiltak for å regulera marknaden, noko staten i utgangspunktet har vore skeptisk til.

Staten har også gått med på nye tilskot for å styrkja inntektene for dei minste og mellomstore gardsbruka, som var eit viktig krav frå organisasjonane. Eit nytt strukturtilskot til bønder med nedtrapping av støtte opptil 50 kyr, skal vera ein del av løysinga. Organisasjonane kravde opphavleg ei nedtrapping opp til 43 kyr.

Raus ramme

At landbruksminister Jon Georg Dahle i år også har lagt på bordet det som blir omtalt som ei historisk høg budsjettstøtte, skal også ha gjort sitt til at begge landbruksorganisasjonane denne gongen valde å skriva avtalen.

Dale har i år gjeve bøndene ei ramme på 1,1 milliard kroner. Ifølgje Nationen blei det lagt 100 millionar kroner meir på bordet i innspurten, slik at budsjettstøtta auka frå 670 millionar kroner til 770 millionar kroner.

Det opphavlege kravet til bøndene hadde ei ramme på totalt 1,83 milliardar kroner, mens det første tilbodet til staten lydde på totalt 1 milliard kroner.