Arbeidarpartiet heidra Grete Berget med likestillingspris

Den avdøde politikaren Grete Berget, ofte omtalt som mor til pappapermisjonen, blei fredag heidra av Arbeidarpartiet for likestillingsarbeidet sitt.
innenriks

Rachel Grepp-prisen, verdt 50.000 kroner, er blitt delt ut sidan 2014 og skal gå til ein person eller institusjon som har arbeida for likestilling. Fredag overrekte Ap-leiar Jonas Gahr Støre prisen til familien til Berget i samband med likestillingskonferansen til AUF. Den tidlegare journalisten og Ap-politikaren døydde av kreft i november i fjor.

– Likestillingsarbeid gjekk som ein raud tråd gjennom heile karrieren til Grete Berget, heiter det i grunngjevinga frå styret i Rachel Grepp-stiftinga, som også er jury.

Berget var barne- og familieminister i regjeringa til Gro Harlem Brundtland frå 1991–1996 og fekk innført fedrekvote i foreldrepermisjonen, mens den totale permisjonstida blei utvida. Berget blir òg heidra for å ha fått på plass partnarskapslova for par av same kjønn i 1993 og for barnehageutbygging under statsrådsperioden sin.

– Grete var likestillingspioner og har sett djupe spor etter seg i det norske samfunn, heiter det i grunngjevinga.

Fondet og prisen blei oppretta etter at partiet i 2012 la ned ein familieinstitusjon kalla opp etter ein av arbeidarrørslas kvinnesaksforkjemparar, Rachel Grepp (1879-1961).


(©NPK)