Svak nedgang på Oslo Børs

Oslo Børs låg i pluss store delar av dagen, men enda til slutt svakt i minus. Hovudindeksen enda med ein nedgang på 0,04 prosent til 816,98 poeng. 
innenriks

Mest omsett var Statoil, som steig 0,98 prosent. DNB, som følgde etter på omsetningslista, enda opp med 0,74 prosent. Deretter følgde Marine Harvest (-1,78) og Norsk Hydro (-2,22) før Telenor, som enda opp med ein auke på 0,45 prosent. Teleselskapet opplyste tysdag at dei inngår eit partnarskap med Ant Financial i Pakistan. Ant Financial betaler 184,5 millionar dollar for ein eigardel på 45 prosent i Telenors dotterselskap Telenor Microfinance.

Kongsberg Gruppen informerte tysdag om at dei har inngått sin største avtale nokon gong. Selskapet skal levere militære kommunikasjons- og styringssystem til Qatar til ein verdi på oppimot 15 milliardar kroner. Marknaden svarte med å sende Kongsberg Gruppen-aksjen til vêrs, og den hadde stige med 6,82 prosent ved børsslutt.

Etter kraftig oppgang på børsen måndag fall lakseselskapet SalMar tysdag med så mykje som 3,5 prosent.

På dei leiande børsane i Europa var det òg raude tal tysdag. CAC 40 i Paris fall med 0,97 prosent, FTSE 100 i London gjekk ned med 1,19 prosent, mens Dax-indeksen i Frankfurt fall 1,96 prosent.

Oljeprisen fall svakt gjennom dagen. Tysdag ettermiddag vart eit fat nordsjøolje omsett for 64,38 dollar, mens amerikansk lettolje vart seld for 60,77 dollar fatet.

(©NPK)