Støre meiner Listhaug bidrar til Ap-hat

Noreg har ein justisminister som nører opp under hat, og ein statsminister som lèt høgrepopulistar i eigne rekker halde på, meiner Ap-leiar Jonas Gahr Støre.
innenriks

I talen sin til landsstyret i partiet tysdag tok han på nytt eit kraftig oppgjer med justisminister Sylvi Listhaug (Frp) og Facebook-oppdateringa hennar om at «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet».

Støre slo fast at sambuarskapen med Frp har ført Høgre og regjeringa «til uanstendighetens utmark».

– På ei helg vart noko i norsk politikk endra, sa Ap-leiaren til langvarig applaus frå møtedelegatane.

Vurderer mistillit

Etterpå fekk han spørsmål frå pressa om Ap kjem til å støtte eller sjølv fremje eit mistillitsforslag mot den kontroversielle Frp-statsråden.

– På eit mellommenneskeleg nivå vil dei fleste seie at dei ikkje har tillit til meiningane til denne personen, men Ap har ikkje tatt noka avgjerd om å reise mistillitsforslag, svarte Støre og sende ballen vidare til statsministeren.

– Inntil vidare er det ei avklaring frå Erna Solberg vi ber om, la han til.

I talen sa Støre at Noreg i tida etter 22.-juli-terroren stod saman om å ta vare på dei som vart ramma, og om å kjempe imot terrorhandlingar og hatet som «drapene på våre ungdommer sprang ut av».

– I dag har vi ei regjering som rokkar ved dette, hevda Ap-leiaren.

Hat

Støre heldt fram med å skulde Listhaug for bevisst og kalkulert å nøre oppunder hatet som tok så mange liv 22. juli. Han følgde opp med ei breiside mot statsministeren, «som – igjen – med et skuldertrekk viser sin feighet og lar høyrepopulistene i egne rekker holde på».

Støre slår seg ikkje til ro med at Solberg dei siste dagane har sagt at ho synest biletbruken og tonen i Listhaugs innlegg var for tøff og over grensa for kva som er akseptabelt i ein politisk debatt.

– Ho har sidan laurdag gitt tre ulike svar og flytta grensepostane frå gong til gong, hevda han.

Sjølvkritisk

I opptakten til landsstyremøtet har debatten i Arbeidarpartiet og fagrørsla gått høgt om den norske tilslutninga til EUs energibyrå Acer. Støre var berre indirekte innom temaet i talen, men varsla på pressemøtet etterpå ei snarleg avklaring.

Etter det NTB kjenner til, har Ap håp om å forhandle fram ein avtale på Stortinget denne veka. Den håper partileiinga både kritikarar og tilhengarar av Acer tar godt imot.

I staden for å røpe Aps posisjonar om Acer, beskreiv Støre i talen kva han meiner er forklaringa på alle problema som rir Ap om dagen. Diagnosen er drepande: Arbeidarpartiet når ikkje fram til veljarane. Bodskapen og sakene «går lett over hodene på folk og under radaren for de aller fleste».

– Ap må komme nærmare veljarane og i større grad vere til stades i debattane som går rundt kjøkkenbordet til folk, poengterte Støre.

Innvandring

Konkret viste partileiaren til at Ap ikkje engasjerte dei mange veljarane i fagrørsla, og heller ikkje har vore nok til stades i innvandringsdebatten.

– For mange av veljarane opplevde at vi skygde unna innvandring som tema – i frykt for å spele på banehalvdelen til Frp. Det var feil. Vi skal ta den debatten, men vi skal ta han på våre premissar, sa han.

Støre kom òg med nyheita om at Ap set ned eit utval som skal sjå på oppvekstvilkåra for barn og unge.

– Noreg er blant dei beste landa å vekse opp i. Men ikkje for alle. Arbeidarpartiet skal gjere mykje meir for barn og unge som har det vanskeleg, sa Støre.

Utvalet skal leggje fram forslag til ny politikk for landsmøtet i 2019.

(©NPK)