Fleirtal for folkerøysting i Finnmark om samanslåing med Troms

Arbeidarpartiet i Finnmark stemmer sammen med Sp og SV i fylkestinget og sikrar fleirtal for å arrangere folkerøysting om samanslåing med Troms.
innenriks

Det er klart etter at fylkestingsgruppa til Finnmark Ap tysdag kveld samrøystes sa nei til samanslåingsavtalen med Troms og samtidig som dei sa ja til eit framlegg om folkerøysting.

Fylkesordførar Ragnhild Vassvik (Ap) seier til NTB at ei folkerøysting må komme i god tid før sommaren.

– Det blir eitt spørsmål: Ja eller nei til samanslåing med Troms, seier Vassvik.

Fylkestinget behandlar saka i møtet sitt i Vadsø torsdag.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har stadfesta overfor NTB at det ikkje er nokon formelle hinder i vegen for å halde ei folkerøysting i Finnmark om fylkessamanslåing.

(©NPK)