Eirik Jensen får ikkje tilbake beslaglagde eigedelar

Den korrupsjonsdømde politimannen Eirik Jensen har tapt ankesaka i Borgarting lagmannsrett om å få tilbake delar av eigedelane politiet har beslaglagt.
innenriks

Spesialeininga for politisaker har tatt hefte i Jensens verdiar og meiner han var skuldig i heleri for 2.100.000 kroner. I dommen frå tingretten i haust fann dommar Kim Heger at det berre var bevist utover all rimeleg tvil at Jensen var skuldig i korrupsjon for litt over 660.000 kroner.

Forsvararen til Jensen, Arild Holden, bad derfor om at dei beslaglagde verdiane skulle avgrensast til dette beløpet, og fekk medhald i Oslo tingrett.

Spesialeininga anka saka og vann likevel fram i Borgarting lagmannsrett.

– Etter ei samla vurdering har lagmannsretten komme til at det er godt nok sannsynleggjort at Jensen kjem til å bli dømd til inndraging med eit beløp som svarer til det som er sikra ved hefte, og som utgjer 2.100.000 kroner, heiter det i dommen.

(©NPK)