420.000 toler ikkje renteauke over 1 prosentpoeng

Ein renteauke på meir enn 1 prosentpoeng er meir enn 420.000 nordmenn klarer å handtere. Halvparten av dei klarer ingen auke i det heile.
innenriks

Forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1 synest tala i undersøkinga som Respons Analyse har gjort på oppdrag for banken, er trist lesing.

– Dette burde vere heilt unødvendig. Når ein får bustadlån, blir ein testa i banken til å kunne tole ein renteauke på opp mot 5 prosentpoeng og likevel klare dei vanlege utgiftene. Når så mange seier at dei ikkje klarer sjølv ein liten renteauke, har dei lagt seg til eit altfor høgt forbruk, seier Gundersen til NTB.

Auke kjem

Sentralbanksjef Øystein Olsen varsla torsdag at den rekordlåge styringsrenta på 0,5 prosent truleg får sitt første løft om eit år.

Olsen la til at det skal skje varsamt. Men samtidig har Noregs Bank no skuva tidspunktet for det første rentehoppet eit halvt år tidlegare fram i tid samanlikna med kva sentralbanken tidlegare har antyda.

Lysare utsikter for norsk økonomi er ein av grunnane til at renteauken rykker nærmare.

Enklare overgang

Gundersen rår dei som allereie no veit at dei kjem til å slite, til å førebu seg.

– Veldig mange ser ut til å venne seg til det låge rentenivået, slik at alt som er att etter at lån og renter er betalt, går til forbruk. Dei står overfor ei tøff omstilling. Men klarer dei å stramme inn på forbruket, kan overgangen bli enklare og rentesjokket kan bli dempa, seier Gundersen.

Tre av ti

Over 1.000 personar har teke del i den elektroniske spørjeundersøkinga, som er utført mellom 6. og 13. desember. Av dei som har bustadlån, svarte litt under tre av ti (27 prosent) at deira økonomi vil tole ein renteauke på 5 prosentpoeng eller meir.

7 prosent meiner dei ikkje toler høgare bustadlånsrente enn i dag, og like mange at dei toler ein auke på inntil 1 prosentpoeng. Det svarar til totalt om lag 420.000 lånetakarar.

Litt under halvparten (45 prosent) seier at dei toler ein renteauke på opp mot 4 prosentpoeng.

(©NPK)