Britisk opposisjon deltar i Nobel-tog

Mens atomvåpenlanda held ambassadørane sine heime under fredsprisutdelinga, kjem Labour-leiar Jeremy Corbyns «skyggeminister» for fred og nedrusting til Oslo.
innenriks

Fabian Hamilton skal mellom anna halde ein appell for eit internasjonalt atomvåpenforbod under det tradisjonsrike fakkeltoget for fredsprisvinnarane søndagen.

Fredsprisen i år går til ICAN – International Campaign to Abolish Nuclear Weapons. Det er ei utdeling fleire av dei store atommaktene i verda ikkje er begeistra for, og ei rad utanlandske ambassadørar, mellom anna frå USA, Storbritannia og Frankrike, kjem ikkje til å delta på utdelingsseremonien i Oslo rådhus søndag.

– Prisen er eit tydeleg signal til atomvåpenstatane og Nato om at resten av den siviliserte verda ikkje aksepterer den manglande viljen til å ruste ned, seier fungerande dagleg leiar Tuva Grimsgaard i Norges Fredsråd.

I sommar stemte 122 av 193 land for FN-traktaten om eit forbod mot atomvåpen.

(©NPK)