Regjeringa vil ta passet til barn som kan hamne på koranskule

Inndraging av pass er eitt av tiltaka regjeringa vurderer etter oppskakande historier frå unge som har vore på koranskule og blitt utsette for mishandling.
innenriks

– Dersom det er grunn til å vere redd for at familiar planlegg å ta med seg barn ut av landet og sende dei til koranskular av denne typen, så må vi vurdere moglegheita for å inndra passet til barnet, seier integrerings- og innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

Detaljar i korleis dette kan gjennomførast vil bli diskutert og greidd ut dei neste to vekene.

Tiltaket kom på bordet under ein mini-regjeringskonferanse som Listhaug kalla inn til etter at ungdommar som har vore på koranskule i Somalia fortalde oppskakande historier om mishandling til NRK onsdag. Sju statsrådar og ein statssekretær frå åtte departement deltok på møtet.

Ungdommane har fortalt korleis dei er blitt lurt med til Somalia av slektningar og deretter etterlatne på ein koranskule som dei hevdar nyttar grufulle fysiske avstraffingsmetodar. Ein av dei fortalde korleis lenker og kjettingar vart festa til anklane, ein annan om korleis han vart slått med stokkar til han svima av.

(©NPK)